NBK starter tilbud for pensjonister

Foto: Avisa Nordhordland, Sylvelin Bækken Toft

‍NBK Seniorakademiet er eit nytt tilbod for deg som er pensjonist og ønskjer aktivitet, sosialt samvær og gode opplevingar. Du treng ikkje vere medlem i NBK eller ha spelt fotball tidlegare – møt opp dersom du trur dette kan vere noko for deg! ‍

📅 Mandag 17. august
🕤 Kl. 09.30–13.15
📍 NBK Klubbhus, Knarvik Stadion

Arrangementside på Facebook: https://fb.me/e/47f9VYm5M

Program for oppstartsdagen

09.30☕ Kaffe og bli-kjent-samling i klubbhuset.

10.30⚽ Introduksjon til gåfotball.

Vi startar roleg med ei felles innføring av Gåfotball, før du kan velje det som passar deg best:

  • Delta på gåfotball

  • Bli med på ein tur

  • Sjå på gåfotball eller prøve deg som dommar

12.00–12.30🥪 Kaffe og enkel lunsj.

12.30–13.15💙 Kven er NBK?

Vi fortel litt om klubben, om Seniorakademiet og om moglegheitene som finst – både som deltakar og for deg som ønskjer å bidra som frivillig.

NBK Seniorakademiet blir eit fast tilbod med samlingar kvar måndag på dagtid, i tillegg til éin lengre fredagstur kvar månad. Aktivitetane skal utviklast saman med deltakarane, og vil mellom anna bestå av gåfotball, turar, enkel trening, sosiale samlingar og foredrag.

Vi ønskjer også frivillige velkomne. Har du lyst til å bidra med praktiske oppgåver, dele erfaringa di eller vere ein del av miljøet rundt Seniorakademiet, finn vi ei rolle som passar for deg.

Har du spørsmål eller ønskjer å melde di interesse?

📞 Eivind Daniel Brakvatne Røed – 404 66 031
📧
eivind@nbksport.no

Vi gler oss til å sjå deg måndag 17. august!

Next
Next

NBK Akademiet Egentrening – Et gratis lavterskeltilbud i sommer! ⚽☀️